Mjølkeproduksjon
kattar
hundar
heile_familien
frukostkorg

Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player

Om oss

Feriehuset er ein del av Jødne gardstun (namnet Jødne tyder jern), og her har det budd folk langt tilbake i tida. Det syner fleire kolmiler, der dei før laga jern frå malm, samt at fornminnegranskarar har avmerka fleire moglege gravhaugar. I jorda er det og funne fleire spinnesteinar.

Idag, derimot, er det ein gard med mjølkeproduksjon, og elles bur her to kattar og to hundar ilag med ein familie på fem. Huset er skjerma av eit stort almetre over terassen på 25m2, og på andre sida av huset er det frukttre. Frå terassen ser ein fjord, fjell og bre, men og ein hage med ulike pryd og nyttevekstar.

Eigarar: Elin Feste og Håvar Vik
Telefon:(+47) 56 55 27 29 / (+47) 951 31 349 / (+47) 907 04 670

Nedanfor ser du kor Jødne er plassert i Hardanger. Vil du sjå detaljkart og køyreruter klikkar du her.